Sunday, 13 November 2011

Fireworks

Noko av det kjekkaste med Storbritannia er at ein kan sjå fyrverkeri mykje oftare enn ein kan i Noreg. Reglane for nyttårs-rakettar har jo vorte så mykje strengare dei siste åra, men her i landet har dei framleis ei ganske slepphendt holdning rundt dette fargeglade fenomenet. Ein treng heller ikkje vente til nyårsaftan året rundt for å få sett fyrverkeri - ein kan smelle opp litt her og der for eitkvart høve - særskild rundt "bonfire night" 5. november. Som norsk er eg jo mest vand med å skyte opp tvilsomme pinne-rakettar heime, men offentlege fyrverkeri-oppsetningar er hermed sterkt undervurdert. Studentforeininga ved skulen vår har arrangert fyrverkeri for 5. november dei siste to åra, men i år tok vi bussen til Blackheath for å sjå ei av dei beste fyrverkeri-oppsetningane i landet.
Ikkje dårleg.

1 comment:

The White List said...

Your blog is amazing!!!! You are brilliant! Fantastic post! Have a brill day!

www.the-white-list.co.uk