Monday, 25 April 2011

A fresh start



Våren er her, med lengre dagar og nye moglegheiter. Etter å ha ført bloggen Murcus i snart to år, kjenner eg behovet for ei ny retning. Det tidlegare innhaldet har vore høgst tilfeldig og rotete og eg siktar på ein meir minimalistisk stil og eit smalare formål med denne namnlause sida. Her vert det kortare innlegg med bileter og ting som på ein eller annan måte inspirerar meg eller representerar ein god følelse, ei fin stemning, eit godt minne, noko morosamt eller liknande. Eg kjem framleis til å skriva ein del, men heldigvis vert det færre skildringar av kva eg åt til middag og kva eg gjorde i går, etc. Det vert ikkje nokon "high-frequency" blogg med sju innlegg for dag (som i alle tilfelle ville ha vore irriterande) ... innlegga vil koma etterkvart som fine bileter dukkar opp litt etter litt.

Inspirert av mi gode venninde Trine, har eg bestemt meg for å heidra nynorsken litt også. Det vert nok ikkje nynorsk i alle innlegg men som passiv nynorsk-forkjempar kjenner eg at eg ikkje kan la dette vakre målet bleikne i mitt eige kunnskaps-spekter.

Eg vonar at gamle venar tykkjer endringa er ei god ei, og at nye lesarar òg kan fatte interesse.



***

Spring is here, with longer days and new opportunities. After having kept the blog Murcus for almost two years, I feel the need for a change of direction. Previous contents have been highly random and messy and I aim for more simplicity in style and objective of this nameless site. There will be shorter posts with photos and things that in some way inspire me or represent a good feeling or memory, a nice mood, something funny or similar. I will still be writing a fair share, but luckily there will be less descriptions of what I ate for dinner or what I did yesterday etc. It won't be a "high-frequency"-blog with seven posts a day (which would be annoying anyway) ... things will be posted as nice photos comes to my attention every now and then.

I hope that old friends find the change for the better, and that new readers can take interest too.

1 comment:

Desideria said...

Ååh, no vart eg glad og måtte knise litt!