Thursday, 28 April 2011

Easter 1 - 0 other holidays



Det er få ting som er finare enn å flyge på ein dag med klar himmel og fin utsikt. Særskild om ein er på veg heim til Noreg, og i alle fall om ein er på veg heim i samband med påskeferien. Norsk påske-fering er så herleg fullpakka av tilfeldige tradisjonar ... tradisjonar som handlar meir om appelsin og kvikk-lunsj enn om påska sitt eigentlege budskap.

I år var eg ikkje heime til påske. Faktisk vart det meste av påska tilbrakt på eit teppe i bakgarden, i bikini og med solfaktor 30 parat. Det er ikkje vanleg å gjera like mykje utav påska her i landet, men det vart no lammelår og påskeegg likevel.

Påskeegga på biletet er laga av eit Tyskt selskap og er så vakre at eg har ei heil samling.

PS: Dei "andre høgtidene" nemnt i innleggstittelen ekskluderar Jula. Sjølvsagt.

***

There are few things as nice as flying on a day with clear sky and wonderful views. Especially if you're on your way home to Norway and definitely if you're on your way home for the Easter break. Norwegian Easter-celebrations are so delightfully packed with random traditions ... traditions that has more to do with oranges and specific chocolate-bars than the actual religious event.

I didn't get to go home for Easter this year. In fact, most of it was spent on a blanket in the back yard, in a bikini and with the sun-lotion at the ready. It doesn't seem quite as common to make a big deal out of Easter in this country, but we had our lamb-leg meal and easter eggs anyway.

The Easter eggs in the photo are made by a German company, and they're so pretty that I've got a whole collection.

PS: the "other holidays" referred to in the post-title excludes Christmas. Obviously.

No comments: